Agder Historielag i Austerveg 1 - 4 september 2011



Også i år har me, saman med Olav Arne Kleveland og Agder Historielag laga ein tur for alle som ynskjer å oppleve ein del av landet vårt, og historia knytta til stadene me besøker. Denne gongen køyrer me frå Evje, via deler av Telemark til Buskerud og Oppland. Våre 3 overnattingar er lagt til hyggelege hotell i historiske miljø. Turen er lagt opp slik at alle måltid og alle omvisingar og tilhøyrande inngangspengar er inkludert. Denne turen gleder det oss verkeleg å tilby dykk!

 

Dag 1, torsdag 01.09.11:

Turen byrjar frå Evjemoen kl. 09.00. Vegen går via Åmli, Treungen og til Seljord. Me køy-rer vidare og et lønsj på Kafe Olea ved Heddal stavkyrkje. Etter eit godt måltid får me ei guida omvising i kyrkja. Hed-dal Stavkyrkje er den største av dei 28 stavkyrkjene som finst i Noreg i dag. Like ved kyrkja ligg Prestegårdslåven med Låvekyrkja, kyrkjeutstilling og sommarutstilling. Om lag 300 meter frå stavkyrkja ligg Heddal bygdetun med bygningar frå mellomalderen til 1930. Turen går vidare til Notodden. Her finn me museet til Norsk Hydro, som er nes-te stogg på turen. Bedriftshistorisk sam-ling viser bilete, utstyr og utviklinga av Norsk Hydro på Notodden, som var Hyd-ros fødestad i 1905. Grunnleggjarane av Norsk Hydro, Sam Eyde og Kristian Bir-keland, har ein stor plass i utstillinga. Bedriftshistorisk samling ligg inne på fabrikkområdet, i omnshuset frå 1907. Når me er ferdige, reiser me til Kongs-berg for overnatting på Quality Hotel Grand. Her serverast ein utsøkt middag og hyggjeleg samvær utover kvelden.

Dag 2, fredag 02.09.11:

Dagen i dag er reservera Kongsbergområdet. Me tek til kl. 09.00 i Sylvgruvene og går vidare til omvising i Kongsberg kyrke. Kl.12.00 et me flott lønsj på Glade Kongsberg. Et-ter den får me ei historisk vandring i Kongsberg. Vandringa vert avslutta ved Norsk Bergverksmuseum kl. 15.30 med ei omvising. Frå Kongsberg køyrer me til Tyrifjord Hotell, for overnatting to netter. Me et middag på hotellet, og hyggjer oss i lag etter det herlege mål-tidet.

Dag 3, laurdag 03.09.11:

Me byrjar dagen med ein god frukost på hotellet. Turen går fyrst til Blaafarveværket på Modum. Her får me vere med på ei his-torisk omvising som tek føre seg verkets historie gjennom 120 år: Frå malm til blåfarge. Kobolt var det fyrste moderne metallet som vart foredla i stor skala og brukt til farging av glas og porselen. Me et nydeleg rjomegraut og saft til lønsj, før turen går attende til hotellet. På ettermiddagen legg me ut på ei histo-risk vandring saman med ein lokal guide langs Gamle Kirkevei. Turen kjem til å vare 1 1/2 - 2 timar med start frå Tyri-fjord Hotell, og er ferdig ved Heggen Kyrke og Vikersund Hoppsenter, med fleire stogg langs kulturminna under-vegs. Stadene me passerer er Vikersund Bru, Torvstrøhuset, Vikerbakken, Skog-stadkrysset, Gråtenggata, Dælabakken, Skreinhaugen og Botanisk område. Et-terpå dreg me attende til hotellet vårt, der me på ny får servert ein god middag i triveleg selskap.


Dag 4, søndag 04.09.11:

Me skal ha ein god frukost i dag òg, før me tek farvel med vertskapet vårt. Fyrst går turen til Hadeland Glasverk, der me vert viste rundt. Så køyrer me vidare til Gran for ei omvising i Søsterkyrkjene, som er to steinkyrkjer frå middelalderen plasserte side ved side på Granavollen i Gran på Hadeland i Oppland fylke. Den største kyrkja heiter Nikolaikyrkja, og den minste Mariakyrkja. Me køyrer herifrå til Oslo, og vidare langs E18 til Larvik, der me et middag. Me reknar med å vere her om lag kl. 15.00, og ventar å vere attende på Evje rundt kl. 19.00.

 

Alt kva du får med Risdal Touring for kr 4.490,- pr person

Tillegg for enkeltrom kr 690,-
Atterhald om eventuelle endringar som ei følgje av forhold utanfor vår kontroll.
Påmelding innan 01.08.