Løyland-prosjektet

LøylandprosjektetJon Løyland (1887 - 1975) er ein av dei mest markerte leiarane i Agder Historielag. Han kom inn i styret alt frå starten, og sat i samfulle 50 år til han trekte seg tilbake i 1964 i ein alder av 77 år. Han var formann i tre periodar. 

Frå 1939 - 1964  var han òg styreleiar i Setesdalsmuseet, og er hovudarkitekten bak oppbygginga av den institusjonen. Han hadde også sitt eige museum i Løylandsloptet, som han sette opp i tunet på Lande. Næraste grande var den 1000 år gamle Landeeika.

Av yrke var han lærar og bonde, og alt det kulturhistoriske arbeidet gjorde han på eiga fritid. Då sjølvsagt med god hjelp av kona Gyro og borna, som måtte take seg av det vanlege arbeidet i huset og på garden. I samband med at han trekte seg tilbake frå dei store verva i 1964, vart han tildelt HM Kongens fortjenestemedalje i sylv.

Jon Løyland var en ivrig samlar også av immaterielle kulturminne, og hadde med seg ei notisbok til å notere i kvar han vandra i bygdene på Agder. Mykje av dette samla han tidleg i 1920-åra til eit manuskript som aldri vart prenta. Delar av stoffet brukte han i andre høve, men det er fyrst no med denne boka at dei mange sidene med folkeminnesamlaren Jon Løyland vert presentert i samanheng.

Jon Løyland var også ein god fotograf. Han har fanga bygdelivet i alle sine mangfaldige gjeremål, og boka har ein egen bolk med foto.