Opprit frå møte i turnemnda i Agder Historielag

Til stades: Olav Arne Kleveland, Birgit Attestog og skrivaren (Borghild Løver). Turid Bjørkenes og Jan Arild Andersen hadde meldt fråfall. Grunde Kallhovd har diverre døydd.
Stad: Hytta til Olav Arne Kleveland kl. 19.00

Turnemnda har konkludert seg til dette i løpet av møtet:
To turar i året; ein overnattingstur i vårhalvåret og ein dagstur i hausthalvåret.
Turane skal vere sjølvberande.

Hausten 2008:
Dagstur til Nes jernverk og Holt prestegard
Dato: Ein sundag tidleg i september, helst 7. sept.
Klokkeslett: 12.00 på Nes Jernverk (2 timar)
Halvtimes matpause, halvtime til neste stad
Kl. 15.00 på Holt (1 ½ time)
Ansvar: Skrivaren
Kontaktperson Nes: Heidi Arild
Kontaktperson Holt: Øyvind Bjorvatn
PR: Olav Arne skriv stykke til Setesdølen og Åmliavisa.
Brev og e-post til lokallaga
Lysing i Agderposten og Fevennen:

Agder Historielag
Hausttur til Nes Jernverk/Holt prestegard
Sundag 7. sept.
Frammøte på Nes Jernverksmuseum kl. 12.00
Omvising båe stader
Alle velkomne til triveleg dagstur

Våren 2009:
Overnattingstur til vestlandet
Dato: 21. -24. mai (himmelspretthelga - fin fruktbløming)
Ansvar: Olav Arne og Birgit
PR og lysing: EGDE

Sommaren 2009:
Bykletur for 10 personar med Olav Holen
Skrivaren tek kontakt med han om dato osb.

Hausten 2009:
Dagstur til Hidra og omeign, gjerne med stopp i Kvinesdal/Flekkefjord
Spørje historielaget der om dei kan gje historietips
Ansvar: Turid

Våren 2010:
Overnattingstur med båt på Telemarkskanalen

Møtet var ferdig 21.30.